Hopp til innhold
X
Innhald

Anders O. Klakegg

Anders O. Klakegg (1913-1990) frå Klakegg. Bonde og forfattar, som har gjeve ut fleire romanar med historisk og mytiske tema på Det Norske Samlaget. Han var odelsgut og tok over farsgarden. Men i 1956 pakta han vekk garden for å kunne skrive. Han gav ut tre romanar med handling frå Jølster på 1600-talet: «Heksespel» (1965), «Galgefossen» (1967) og «Audunsvollen» (1971).

Seinare kom romanane «Dragsoget» (1977) og «Eitt folk» (1980). I 1987 gav han ut sakprosaboka «Astrup, Kinck og Jølster». Frå 1972 til 1984 arbeidde han med ættesoga for Jølster som kom ut i 1985.

Klakegg hadde Statens garantiinntekt for forfattarar. I 1986 vart han tildelt Kongens fortenestemedalje.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 29.01.2021