Hopp til innhold
X
Innhald

Andreas B. Aardal

Forretningsbygget som Andreas B. Aardal reiste i 1952. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Forretningsbygget som Andreas B. Aardal reiste i 1952. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Andreas B. Aardal starta landhandel i Årdal kring 1920. Han hadde då vore nokre år i Amerika. Aardal var bilinteressert og skaffa seg både lastebil og ein liten buss som han dreiv transport med. Den første butikken hans låg oppe ved den gamle bygdevegen, men i 1952 kjøpte han tomt nede ved vatnet like ved sparebanken og bygde opp eit treetasjars forretningsbygg og ein bilverkstad der.

Broren Johannes Årdal overtok seinare bilverkstaden og starta bensinstasjon.

Før kommunehuset på Skei vart bygd i 1977 hadde Jølster kommune spreidd dei kommunale kontora i fleire bygder. Ein av dei som leigde ut kontorplass til kommunen var Andreas B. Aardal i det store bygget sitt i Årdal.

Jølster Samvirkelag dreiv filial i Aaardal sitt bygg frå 1960 til 1996.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 24.11.2009