Hopp til innhold
X
Innhald

Andreas Lind

Lensmannsgarden på Hegrenes på Ålhus. Lind-huset er bygget <br>til venstre. Foto: Arild Nybø, NRK.

Lensmannsgarden på Hegrenes på Ålhus. Lind-huset er bygget
til venstre. Foto: Arild Nybø, NRK.

Andreas Lind (1843–1921), lensmann i Jølster 1870-1919. Han var son av prokurator (sakførar) Lind i Førde. I Førde er sentrumsområdet Lindbøen kalla opp etter denne slekta. Lensmann Lind bygde den staselege lensmannsgarden på Hegrenes, der også «Lind-huset» frå Førde seinare er flytta og bygd opp att.

Lind var nær ven av kunstmålar Nikolai Astrup og forfatteren Hans E. Kinck, og kunstnarane samlast ofte i borgstova på lensmanngarden til fest. Andreas Lind var gift med Chatinka Lind.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 16.11.2011