Annie Bjørnarheim

Annie Bjørnarheim fødd 1964 på Skei, busett i Bærum. Generalsekretær. Eksamen frå Norges Markedsføringshøyskole i 1992.
Ho arbeidde m.a. som marknadssjef i avisa ”Nationen” og som generalsekretær i Foreningen for hjartesjuke barn fram til ho i 2007 vart tilsett som generalsekretær i Norges Bygdekvinnelag.
Mellom fleire tillitsverv har Bjørnarheim m.a. vore styremedlem i ”Helse og rehabilitering” frå 2003 til 2005.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 17.12.2010