Hopp til innhold
X
Innhald

Åse Hegrenes

Åse Hegrenes fødd 1955 på Ålhus. Scenograf, arbeider som frilans. Utdanna i Finland og ved Nordiska Scenografiskolan i Sverige. Har hatt oppdrag for dei fleste teatra i Noreg og for scener i utlandet.

Fekk Norske teaterlederes pris og Pernilleprisen for scenografi og kostyme til «Hellemyrsfolket» på Den Nationale Scene i 1992. Hadde også scenografi og kostyme til «Dødsvariasjonar» av Jon Fosse på Nationalteatret, som fekk Skandinaviaprisen i 2001 for regi og scenografi/kostyme.

I Sogn og Fjordane har Hegrenes hatt scenografien til spelet om Audun Hugleikson i Jølster i 2002.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 17.12.2010