Hopp til innhold
X
Innhald

Astrid Myklebust

Astrid Myklebust var kunsthandverkar og kunsthandverkslærar frå Jølster.


Astrid Myklebust, fødd 1934 i Jølster og døydde i 2007, vann tevlinga om utkast til fane for Sogn og Fjordane Ungdomslag i 1995. Den applikerte og handsydde silkefana er også utført av henne, i samarbeid med Astrid Veiteberg.

Myklebust er utdanna ved Bergen Kunsthåndverks- skole, Statens Håndverks- og Kunstindustriskole og Statens Lærerskole i Forming, Notodden. Ho har også sjølv arbeidd mykje ved desse høgskolane. Myklebust har elles mellom anna teikna og vove kyrkjetekstilar. Ho har deltatt på Vestlandsutstillinga med vev og grafikk, på Haustutstillinga med grafikk og har hatt ymse separatutstillingar og deltatt på kollektive utstillingar rundt om i landet. Ho er innkjøpt av fleire offentlege samlingar, mellom anna av Riksgalleriet

Utdrag frå Liv Marit Idsø og Asbjørn Thomassen (red.) Faner i den frilynde ungdomsrørsla. Bokbyen forlag 2015. Redigert av Per Magnus Finnanger Sandsmark og publisert digitalt etter avtale med Noregs Ungdomslag 2017. 

Først publisert: 12.12.2017
Sist oppdatert: 01.08.2018