Hopp til innhold
X
Innhald

Atle Hamar

Atle Hamar fødd 1963, frå Vassenden. Direktør for Lotteri og Stiftelsestilsynet, og Venstre-politikar. Leiar i Unge Venstre 1988-1990, og politisk sekretær i Venstre 1987-1990.

Leiar av Venstres programkomité 1995. Politisk sekretær i Samferdsledepartementet under Odd Einar Dørum 1997, og då Dørum i 1999 overtok Justisdepartementet, vart Hamar utnemnd til statssekretær der.

Tilsett som direktør og leiar for det nyoppretta Statens Lotteritilsyn i Førde år 2000.

Han har vore medlem av Jølster kommunestyre og fylkestinget.

Hamar var distriktsarbeidssjef i Indre Sunnfjord frå 1992 til han vart utnemnd til leiar i Lotteritilsynet.

Atle Hamar har vore den drivande krafta bak utvidinga av Jølster Skisenter i Bjørkelia til regionanlegg for alpint.

Gift med Anne-Cecilie Kapstad.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 17.12.2010