Hopp til innhold
X
Innhald

Audhild Vikens Vevstove

Audhild Vikens Vevstove på Skei. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Audhild Vikens Vevstove på Skei. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Audhild Vikens Vevstove på Skei vart grunnlagt i 1947 av Audhild Viken. I dag har firmaet vakse til ei av dei store butikkjedene i landet for husflidsprodukt og gåver.

Audhild Viken. Privat foto.

Audhild Viken. Privat foto.

Dei første åra hadde ho fire personar i arbeid med veving av åkle, løparar og andre tekstilar i tradisjonell husflid. Den første tida vart mykje omsett gjennom hotell i landsdelen, men frå 1962 starta ho torghandel på Skei i turistsesongen. Frå 1970 fekk Audhild Viken fast utsal på Skei.

Butikkar over heile Sør-Noreg

Sonen Hallvard Viken var med og bygde opp verksemda på 1960-1970-talet, og tok over frå 1985. Sidan har han bygd ut hovudavdelinga på Skei m.a. med kafeteria og ”julebutikk” i det gamle skulehuset som han kjøpte. Butikken på Skei vert årleg vitja av over 100.000 personar. I landet elles har Viken starta avdelingar i Geiranger, Dombås, Stavanger, Tromsø, to i Førde, tre i Oslo og sju avdelingar i Bergen. I 2014 hadde selskapet til saman 22 butikkar rundt om i landet.

Audhild Vikens Vevstove AS og dei andre selskapa som Viken-familien med ekteparet Hallvard og Eli og sønene Harald og Audun kontrollerer, sysselset kring 150 tilsette i sommarsesongen. Dei hadde i 2012 ei samla omsetning på 128 millionar kroner.

Stort lager på Skei

I 2010 opna Audhild Vikens Vevstove AS ein stor lagerbygning på Skei. På 1000 kvadratmeter skal varene til alle dei 17 Viken-butikkane lagrast. I tillegg blir ein del av arealet leigd ut til to entreprenørar.

Hallvard Viken er også deleigar i Skei Hotell.

Audhild Viken-butikken i Førde. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Audhild Viken-butikken i Førde. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Les meir om:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 23.04.2014