Hopp til innhold
X
Innhald

Audun – helt eller storsvindlar?

Etter segna skal den mektige Audun Hugleikson ha budd i ei steinborg på Ålhus i Jølster, men nyare forsking reiser tvil om baronen nokon sinne var bufast der. Mest sannsynleg er det at Audun budde det meste av sitt vaksne liv på Austlandet, der han gjennom arv hadde store eigedomar, og at han sjeldan eller aldri var i Jølster, der han også eigde land.

I ettertida har baron Audun fått mange andlet: Medan einskilde gjev den lovkunnige mannen hovudæra for utforminga av landslovene til kong Magnus Lagabøte , hevdar andre at han truleg er ein av Noregs største landssvikarar, fordi han truleg underslo enorme summar som Noreg hadde fått i oppgjer frå den franske kongen. For dette vart han hengd i Bergen i 1302.

Les også:

Denne artikkelen er ein lokalhistorisk artikkel frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Den er ikkje vurdert som leksikalsk innhald. Ver varsam med å nytte artikkelen som kjelde. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.09.2018