Hopp til innhold
X
Innhald

Audun Hugleikson

Slik kan borga til Audun Hugleikson ha sett ut. Illustrasjon: Bernt Kristiansen.

Slik kan borga til Audun Hugleikson ha sett ut. Illustrasjon: Bernt Kristiansen.

Om baron Audun Hugleikson Hestakorn og «Auduns borg» på Ålhus.

Ein av dei mektigaste adelsmennene i den norske mellomalderen var Audun Hugleikson. Han hadde opphavet sitt frå Ålhus, og der kunne ein visstnok sjå restane etter Auduns borg så seint som på 1800-talet. Det dramatiske livet til Audun, med makt, instrigespel, svik og til slutt avretting skapte grunnlaget for eit sogespel forfatta av Edvard Hoem i 2002.

Audun – helt eller storsvindlar?

Etter segna skal den mektige Audun Hugleikson ha budd i ei steinborg på Ålhus i Jølster, men nyare forsking reiser tvil om baronen nokon sinne var bufast der.

Foreldra kom frå Firda-fylket

Foreldra kom frå Firda-fylket

Det ein veit om opphavet hans, er at han var fødd kring 1240 og var son av den velståande bonden Hugleik.

Stallaren Audun

Første gongen Audun vert nemnt som sendemann for kongen, er på eit rettsmøte i Bergen i 1273.

Audun og landslova

Magnus Lagabøte samordna dei mange landelslovene til ei felles landslov i 1274-1276.

Baron Audun

I 1277 fastsette kong Magnus at alle kongens lendmenn skulle ha tittelen baronar.

Ambassadøren Audun

I tida frå 1280 til 1290 er det Audun som vert kongens sendemann i inn- og utland.

Kaisa Sofie Dalseng og Bjørn Sundquist i historiespelet om Audun. Foto: © www.debrafoto.no.

Kaisa Sofie Dalseng og Bjørn Sundquist i historiespelet om Audun. Foto: © www.debrafoto.no.

Leigehæren og Audun

I 1295 gjer den norske kongen – med Audun som mellommann - avtale med kong Filip av Frankrike om ein enorm norsk leigehær som den franske kongen skal bruke i krigen mot England.

Audun til galgen

I 1302 vert baron Audun Hugleikson Hestkorn hengd, truleg dømd for høgforræderi.

Auduns borg på Ålhus?

I skrifter frå 1600-talet vert ei «borg» på Ålhus omtala. Den skal liggje i strandkanten på Hegranes.

Historiespel om Audun Hugleikson

I august 2002 vart «Spelet om Audun Hugleikson» for første gong framført i Bendikttunet på Ålhus, med Bjørn Sundquist i rolla som Audun. Stykket er skrive av Edvard Hoem til musikken av Henning Sommero.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.11.2011