Hopp til innhold
X
Innhald

Audun til galgen

Neste artikkel: Auduns borg på Ålhus?Forrige artikkel: Leigehæren og AudunHovedside: Audun Hugleikson

Audun Hugleikson Hestakorn bygde seg opp stor rikdom. (Måleri av © Ludvig Eikaas) Etter affæren med Frankrike i 1295, hadde Audun framleis stor gunst hos kong Erik, som utnemnde Audun Hugleikson til skattmeister og fehirde i 1298.
Audun hadde tydleg sikra seg store eigedomar og riksdom, for i 1298 betalte han ein stor sum i avlat til Munkeliv kloster. Men året etter var det slutt: Då døyr kong Erik Magnusson, og noko av det første broren Håkon den 5. Magnusson gjer når han vert konge, er å arrestere baron Audun og kaste han i fangeholet i Bergen. I 1302 vert baron Audun Hugleikson Hestkorn hengd, truleg dømd for høgforræderi. Alt jordegods og eigedomar vert inndrege. Riksråd og riddar i Bergen, Otto Rømer, tok over mykje av godset etter Audun Hugleikson. Rømerslekta vart gift saman med Losna-ætta.

Neste artikkel: Auduns borg på Ålhus?Forrige artikkel: Leigehæren og AudunHovedside: Audun Hugleikson

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.05.2007