Hopp til innhold
X
Innhald

Auduns borg på Ålhus?

I skrifter frå 1600-talet vert ei «borg» på Ålhus omtala. Den skal liggje i strandkanten på Hegranes.

I skrifter frå 1600-talet vert ei «borg» på Ålhus omtala. Den skal liggje i strandkanten på Hegranes.

Ruinen vert for 350 år sidan omtala som ein steinbygning med vindauge og store bogar. Men noko borg i eventyrets forstand var det nok ikkje: Utvendige mål var 22 x 13 meter, og med tjukke veggar var det innvendige romet truleg 18 x 9 meter. På 1800-talet vert det antyda at det kan ha gått ei vollgrav kring borga.

I Ålhus-kyrkja like ved står ei gamal, smijernbeslått dør i våpenhuset. Etter segna skal denne vere frå Auduns borg, men høgst truleg stammar den frå den gamle stavkyrkja i bygda.

I 1960 vart det reist ein minnestein på Ålhus. Hovudmotivet er henta frå baron Auduns segl. Steinen er hoggen av Jørgen P. Solheimsnes frå Jølster.

Les også:

Denne artikkelen er ein lokalhistorisk artikkel frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Den er ikkje vurdert som leksikalsk innhald. Ver varsam med å nytte artikkelen som kjelde. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.09.2018