Hopp til innhold
X
Innhald

Båtruter på Jølstravatnet

Rutebåten ”Skjold” vart mellom anna brukt til frakt av bryllaupsfylgje. Her ser vi brureparet posere saman med gjestene sine, truleg er det ved Helgheim kyrkje. Vi ser at brura er pynta med brurekrune. Ukjend fotograf. Eigar: Klara og Melvin Vattøy/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Etter initiativ frå hotelleigarane Tollef Gabrielsen Skrede og A. O. Aardal på Skei og Nikolai Nielsen på Vassenden, kom dampbåten «Skjold» i trafikk på Jølstravatnet i 1891. Båten heitte opphaveleg ”Fløien” og hadde vore nytta i ruter på Nordåsvatnet ved Bergen. Då den skulle fraktast frå Førdefjorden og opp til Jølstravatnet, vart dampmaskinen teken ut for å gjere den lettare. Likevel måtte det 35 hestar og 70 mann til for å få den fram. Transporten til Vassenden tok tre dagar.

Vedfyring

«Skjold» vart fyrt med ved. Turen Skei-Vassenden tok to timar, og kosta 50 øre for vaksne og 25 øre for born. Båten var eigd av eit aksjeselskap, skipa i 1890.

MB ”Kvik” frakta folk på Breimsvatnet mellom Førde og Reed ein kort periode. Før det vart båten brukt på Jølstravatnet av eigaren av Hotel Stanley, Jacob Neumann Hammer. Seinare hamna båten i indre Nordfjord.

Konkurrent

«Skjold» gjekk på Jølstravatnet til 1914, då den vart avløyst av bilruter. Like etter at «Skjold» kom i rute, fekk den konkurranse av dampbåten «Kvik», eigd av Jakob Neumann Hammer, som hadde bygd Hotell Stanley like ved Skei. Men Hammer gjekk konkurs, og «Kvikken» vart innstilt.

I 1913 kjøpte også Andreas Lunde motorbåten «Skei», som vart nytta til transport til dei veglause gardane kring Kjøsnesfjorden. Oppsitjarane kring Kjøsnesfjorden tok i 1913 over D/S «Skjold». Dei selde båten i 1944 fordi vegen til Lunde var fullført i 1937. ”Skjold” vart seinare frakta ned att til fjorden. Dampmaskinen vart sett over i ein fiskebåt, og skroget enda sine dagar som lekter på Bergen hamn.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 22.12.2010