Hopp til innhold
X
Innhald

Cathinka Lind

Cathinka Lind (1845-1943) var lensmannsfrue på Ålhus. Ho fekk interesse for og lærde seg dei gamle vevteknikkane i Jølster, og starta vevkurs for kvinner. Vert difor rekna som ein viktig bindelekk til gamal tid for den sterke vevtradisjonen i Jølster kommune.

Heidra med Kongens fortjenstmedalje 1926, og æresmedlemskap i Norges Husflidslag 1934.

Gift med Andreas Lind.

Sjå: Vevtradisjonen i Jølster.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.03.2008