Christian Astrup

Christian Astrup (1844—1920). Gift med Petra Konstance Lodz fødd 1860. Prest. Cand. theol. 1871. Kapellan i Kinn 1872. 1876–1883 sokneprest i Bremanger (Kalvåg) der sonen Nikolai Astrup vart fødd. Sokneprest i Jølster 1883–1916. Styremedlem i den første fellesforeninga som indremisjonen i Sunnfjord skipa i 1886 til 1903.
Christian Astrup var m.a. kjend som ihuga riksmålsmann, og sette seg imot at dei nynorske Blix-salmane vart nytta under gudstenestene. Då skulestyret i 1904 gjorde det valfritt kva målform borna skulle lære bibelsoga på, kravde Astrup at borna lærde leksa på ”det almindelige språk, på det som Gud har givet oss ” – d.v.s. bokmål.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 20.12.2010