Daniel Dvergsdal
Daniel Dvergsdal (1921-2001) frå Myklebust, busett i Tønsberg. Lektor og språkforskar. Hovudfagsoppgåve frå UiO 1949 over emnet ”Stadnamn i Jølster”. Han arbeidde frå 1950 til 1953 i prosjektet Gamalnorsk Ordboksverk. Var gjestelektor ved Pacific Lutheran College i Wisconsin 1954-1957, og frå 1956 til 1963 lektor ved Firda Gymnas. I 1963 vart han tilsett ved Eik lærerskole i Tønsberg.
Dvergsdal har gjort eit stor innsamlingsarbeid for Norsk stadnamnarkiv og Norsk målførearkiv, og i prosjektet for gardsgransking for Institutt for sammenlignende kulturforsking. I 1982 gav han ut boka ”Gamle ord i Jølstramålet” (Jølster Mållag).
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 10.03.2010