Den trondhjemske Postvei i Jølster

Litt av postvegen mellom Grungen og Førde. Foto: K. Knudsen. Eigar: Billedsamlingen, UiB.
Den trondhjemske Postvei vart opna i 1785. Den gjekk frå Leirvik i Sogn via Dale-Bygstad-Førde-Moskog- Vassenden i Jølster.
Frå Vassenden til Skei var det båtskyss fram til 1822. Då vart vegen sørfrå bygd frå Vassenden til Ålhus, og båtferda vart nedkorta til Ålhus-Skei. I begge endar av Jølstravatnet var det gjestgiveri frå tidleg 1700-tal. Frå Skei gjekk postvegen til Førde ved Breimsvatnet. Her var det også eit gjestgiveri, og frå ca. 1872 eit hotell - «Skjorta». Frå Førde var det båtskyss til Rebakken på nordsida av vatnet. Ruta vart avløyst av Våtedals-vegen i 1889.
I Jølster var det skysstasjonar i Førde ved Breimsvatnet, på Skei og på Vassenden, frå 1822 også på Ålhus, seinare også i Årdal. Skysstasjonanane skulle m.a. skaffe rorskarar for skyssing med robåt på Jølstravatnet.

På Skei var det skysstasjon. Dette biletet er frå rundt 1890, og vi ser Skei Hotell og dampbåten Skjold.
Vegsabotøren på Sårheim
Då postvegen vart bygd gjennom Jølster, fekk prosjektet ein beisk motstandar i Knut Crispinussen Saarheim. Han fekk nyevegen tvers gjennom åkeren. Då anlegget nådde inn på eigedomen til Saarheim, nytta han nettene til å grave att det som anleggsfolka hadde grave opp om dagen. Til slutt vart den lokale vegmeisteren så arg over dette at han truga Saarheim med at det kunne gå like ille med han som med ein «vegoppviglar» i Lærdal: Han vart halshoggen! – Om dette skremde den oppsetsige jølstringen, seier soga ingenting om!

Jølstravatnet var ein del av postvegen. På dette biletet som er teke frå Tindefjellet ser vi Årdal til venstre. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 22.12.2010