Hopp til innhold
X
Innhald

Drapet på den forsmådde friaren

Rasmus heitte ein smed som på 1600-talet kom over frå Jølster og slo seg ned på garden Tuftane i Fjærland. Heime var han lyst fredlaus etter å ha fått barn med ei jente utanom ekteskap.

Men Rasmus hadde også eit godt auge til ei Jølstra-jente som heitte Kari Lunde. Då han fekk høyre at ein enkjemann som heitte Jon Garp var ute etter Kari som ny kone, reiste han over til Jølster for å fri. Men faren til Kari sette seg imot. Han hadde avgjort at ektemaken til Kari skulle verte Jon Garp.

Truloving

Så vart det stelt i stand til trulovingsgilde for Kari og Garp på Lunde, og presten kom til gards for å signe trulovinga. Men midt under gjestebodet dukka det opp ein ubeden gjest. Det var Rasmus smed. Men i staden for å kaste han på dør, vart han skjenkt dugeleg med øl.

Kranglevoren

Ut på kvelden vart den godt drukne Rasmus kranglevoren og skulda Jon Garp for å ha stole Kari ifrå han. Broren til Kari, Frans Lunde, freista å løyse den pinlege floken i det stille. Frans fekk med seg Rasmus smed ut og baud han til å skysse han heim. For å kome dit måtte dei i robåt over vatnet.

Slegen over bord

Midt ute på vatnet skapte Rasmus seg vill. Han skulle på død og liv tilbake til Lunde for å ta eit oppgjer med Jon Garp likevel. Det enda i slagsmål med både nevar og årar. Frans Lunde gav til slutt Rasmus smed eit så dugeleg slag over nakken at han fall over bord og vart borte. Skreppa til Rasmus for same vegen. Så rodde Frans heim til gjestebodsgarden på Lunde og let som ingenting hadde hendt.

Rømde

Eit par dagar seinare kom faren til Rasmus smed til Lunde for å leite etter sonen, men fekk ikkje noko svar på kva som hadde hendt. Men Frans Lunde merka nok at det tok til å brenne under føtene, for han tok røminga over Jostedalsbreen til Fjærland. Her gifta han seg med ei jordajente i Nedre Mundal.

Rykte

Men han slapp ikkje unna det som hadde skjedd på Jølstravatnet: Rykta i heimbygda gjekk, og Frans vart mistenkt for drap på Rasmus smed og stemd for retten. Her fortalde at han hadde fylgd Rasmus eit stykke på heimvegen, men ikkje sett noko til han sidan.

Dømd

Frans vart frikjend i første omgang, men oppførte seg i tida etter så underleg at han på nytt vart stemd for retten i 1653. No tilsto han drapet på Rasmus. Kva dom Frans Lunde fekk er ikkje kjent, men truleg vart han avretta på den kjende rettarstaden på Veganeset ved Dragsvik i Balestrand.

Denne artikkelen er ein lokalhistorisk artikkel frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Den er ikkje vurdert som leksikalsk innhald. Ver varsam med å nytte artikkelen som kjelde. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.09.2018