Hopp til innhold
X
Innhald

Edvard Befring

Edvard Befring fødd 1936 i Stardalen. Professor i spesialped. og pedagogikk. Doktorgrad frå 1972.

Edvard Befring fødd 1936 i Stardalen. Professor i spesialped. og pedagogikk. Doktorgrad frå 1972.

Knytt til Universitetet Oslo før han i 1973 vart professor ved universitetet i Århus, Danmark. Tilsett 1976 som rektor ved Statens Spesiallærerhøgskole, og professor same stad sidan 1987.

I Sogn og Fjordane har Befring m.a. vore med på skipinga av spesialskulen på Sandane og United World College i Fjaler. Er professor II ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Har gjeve ut ei rad fagbøker og vitskapelege avhandlingar. Var i mange år spaltist i Arbeiderbladet, der hans faste spalte heitte ”Ved skoleporten”.

Tildelt Jonas-prisen i 2007 for å ha gjort ein stor innsats for å fremje opplysning om funksjonshemma og funksjonsdiskriminerte i det norske samfunnet.

Utnemnd til riddar av St. Olavs Orden i 2005. Bror til Ottar Befring.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 28.01.2021