Hopp til innhold
X
Innhald

Edvin Helgheim

Foto: Heidi Lise Bakke © NRK.

Foto: Heidi Lise Bakke © NRK.

Edvin Helgheim fødd 1947 i Jølster, busett i Florø. Lærar, jorunalist og kultursjef.

Under studietida i Volda var Helgheim redaktør av «Peikestokken», ei elevavis med 2000 i opplag. Helgheim var journalist ved Sunnmørspostens Florø-kontor 1973-1976 og frilansmedarbeidar i Florø for NRK i ti år. Edvin Helgheim var leiar for Miljøhuset i Flora i fire år, og frå 1998 var han kultursjef i Flora.

Han har tonesett mange av dikta til Jakob Sande, og saman med Jørgen Alisøy har Helgheim turnert for Rikskonsertane med Jakob Sande-stoff.

Helgheim var redaktør av Florø-sangboka «Skjønn er din by».

Då Sogn og Fjordane feira 250 år som eige fylke i 2013 var Helgheim prosjektleiar for jubileumsfeiringa.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.04.2014