Hopp til innhold
X
Innhald

Elvereguleringa i Stardalen tok 88 år

Stardøla er i dag ei velregulert elv. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Stardøla er i dag ei velregulert elv. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Elva i Stardalen og sideelvane til denne hadde gjennom tidene ført til store flaumar som førde til store problem og økonomiske tap for bøndene.

På 1890-talet gjorde difor Tor Hansson Veiteberg opptaket til at det flaumfarlege vassdraget vart forbygd og sikra. Han hadde med seg A. K. Øygard og Sakarias Høivik i arbeidet då han i 1897 starta arbeidet med å få flaumsikra Stardalen.

Det vart ein lang om seig kamp: Først i 1914 kom det første arbeidet i gang. I 1916 tok ein opp arbeidet med å sikre elva frå Lyngstadfossen til Fonn. Planen omfatta turrleggjing av eit vassjukt område på 2790 dekar, der 31 grunneigarar var med. Nokre grunneigarar sette seg imot prosjektet, men i 1929 gav Stortinget dei første løyvingane og arbeidet starta i 1930.

Regulering med handemakt

Lange elvestrekningar vart no lagde om i nye kanalar. Det meste av arbeidet gjekk med handemakt og hestetransport. Reguleringsarbeidet var fullført i 1985, 88 år etter at prosjektet starta!

Også på Klakegg og i Våtedalen vart Stardals-vassdraget lagt om og kanalisert i åra mellom 1946 og 1961, med ein del etterarbeid i 1969 og i 1984, det siste i samband med byggjing av den nye riksvegen gjennom Våtedalen.

Dette biletet viser mykje av elveløpet til Stardøla. Ukjend fotograf. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Dette biletet viser mykje av elveløpet til Stardøla. Ukjend fotograf. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 30.12.2010