Engel Astrup

Engel og Nikolai Astrup.
Engel Astrup (1892-1966), tekstilkunstnar fødd på Sunde i Jølster.
Ho vart gift 16 år gamal med kunstmålar Nikolai Astrup og vart sjølv aktiv innanfor tekstilkunsten. Nikolai Astrup vart kjend med Engel året før dei gifta seg. Då fekk han låne «jenteværelset» hennar på garden Sunde som atelier medan han måla det kjende fjellmotivet «Kollen» (fjellet over Kjøsnes).
Engel stod modell i fleire av Nikolai Astrup sine mest kjende motiv, m.a. i ein kvit kjole med blått mønster.
Nikolai og Engels barn var: Kari (1911), Arnold (1914), Turid (1916), Kristian (1919), Eva (1922), Per (1923), Dagfinn (1924), Nikolai Egil (1926).
Peikar
Maria Tripodianos / KODE: «Engel Astrup under lupen», nikolai-astrup.no, publisert 2017: https://nikolai-astrup.no/engel-astrup-under-lupen/ [lesedato 25.11.2019]
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 25.11.2019