Erik Kjøsnes

Erik Kjøsnes (1899–1945) frå Kjøsnes, busett i Bergen. Postbetjent og motstandsmann under 2. verdskrig.
Kom med i Stein-organisasjonen, motstandsgruppa som postekspeditør Kristian Stein skipa i Bergen. Denne gruppa rekrutterte i hovudsak postfunksjonærar, og då den vart spengd i oktober 1941, vart mellom anna postfolk både i Florø og Måløy arresterte (sjå Krigshistoria i Flora og Krigshistoria i Vågsøy).
Kjøsnes vart arrestert 7.10.1941, overført Ulven, overført Breslau 10.05.1942 og døydde i fangenskap 1.01.1945. Minnesmerke med portrett av Erik Kjøsnes er reist ved Helgheim kyrkje.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 21.12.2010