Hopp til innhold
X
Innhald

Erlend Apneseth

Erlend Apneseth fødd 1990 i Jølster. Folkemusikar og student.

Apneseth studerte ved Ole Bull Akademiet på Voss. I 2012 gav han ut albumet «Jølster 2012» saman med Sigmund Eikås, Synnøve S. Bjørset og Gro Marie Svidal.

I 2012 vart han tildelt debutantprisen til Grappa Musikkforlag og i 2014 Øyvind Bergh sin minnepris og Sparebanken Vest sitt musikkstipend på 30.000 kroner.

Son til Oddleiv Apneseth.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.08.2015