Hopp til innhold
X
Innhald

Falne og omkomne frå Jølster

Falne og omkomne frå Jølster under 2. verdskrig:

Falne og omkomne frå Jølster under 2. verdskrig:

(Du finn fleire opplysningar under Kjende personar i Jølster)

Erik Kjøsnes

(1899-1945) frå Kjøsnes. Postfunksjonær i Bergen og medlem av ei av dei første store motstandsgruppene på Vestlandet under 2. verdskrig – den såkalla ” Kristian Stein-organisasjonen”.

Ragnvald Heggheim omkom under alliert bombing av Bergen i 1944.

Ragnvald Heggheim omkom under alliert bombing av Bergen i 1944.

Denne gruppa rekrutterte i hovudsak postfunksjonærar, og då den vart spengd i 1941, vart m.a. postfolk både i Florø og Måløy arresterte (sjå Krigshistoria i Flora og Krigshistoria i Vågsøy). Erik Kjøsnes vart arrestert og sat fengsla i Bergen og Ulven før han i 1942 vart sendt til konsentrasjonsleiren Breslau i Tyskland. Døydde 1.1.1945. Minnesmerke med portrett av Erik Kjøsnes er reist ved Helgheims-kyrkja.

  • Ragnvald Heggheim (1890–1944) frå Heggheim. Garveriarbeidar.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 03.01.2011