Hopp til innhold
X
Innhald

Fornfunn i Jølster

Relieffspenne funnen i Sanddalen i 1913. Foto: Arild Nybø, NRK.

Relieffspenne funnen i Sanddalen i 1913. Foto: Arild Nybø, NRK.

Ved Bergen Museum er det registrert 134 gravfunn frå Jølster, og ved Universitetet si oldsaksamling i Oslo fire funn. 69 av funna skriv seg frå vikingtida 800 – 1000 e.Kr.f.

I alt vart det i 1983 registrert 18 gravrøyser i Jølster kommune, men arkeolog og professor Per Fett omtalar i 1957 også åtte andre gravhaugar. Ved utgravingar langs traséen for ny E39 mellom Bjørset og Skei vart det i 2010 funne spor etter gardsdrift frå førkristen tid, det vart funne kokegroper og stolpehol, ei gravrøys og indikasjonar på fleire gravrøyser på Helgheim og Huus.

Gull og sølv i Stardalen

Ifylgje Johannes D. Sandal vart det på garden Høyvik i Stardalen gjort eit stort gravfunn på 1800-talet. Under ein stor stein i Stardalshaugen vart det funne 5-6 gullmyntar, to gullstenger og ein hamra gullbarre. Funnet vart sendt til Bergen Museum. Myntane viser viser hest og ryttar, og er truleg romerske.

Setegard i Sanddalen?

I alt 50 av dei registrerte fornfunna i Jølster skriv seg frå ytre Sanddalen. Her låg også den største gravhaugen i kommunen på Ekrehågjen. Den var fire meter høg og 27 meter i diameter. Haugen inneheldt tre graver, og det vart m.a. funne spyd, krukker, sverd, kniv, saks og spenner ved ei utgraving i 1913.

Gerd Dvergsdal vart i 1995 vald til den første kvinnelege ordføraren i Jølster.

Gerd Dvergsdal vart i 1995 vald til den første kvinnelege ordføraren i Jølster.

Historikaren Frode Iversen har ein teori om at dei mange monumentale gravene i Sanddalen kan tyde på at staden i norrøn tid var ein setegard, og Hegrenes på nordsida av Jølstravatnet tok over denne rolla som hovudsete ein gong i yngre jernalder eller tidleg mellomalder.

Gravfunn vart ordførarkjede

Ordføraren i Jølster kan pryde seg med ei av dei mest originale ordførarkjedene i landet. Den vart teken i bruk i 1999, og er ei gåve frå ein anonym gjevar. Kjeda er ein modifisert kopi av ei 40 cm. lang kjede av fletta sølvtrådar, funne i ein gravhaug på Vassbakkane i ytre Sanddalen. Her vart det også funne to bronsespenner, spinnehjul, bryne og restar etter ei mengd jarnreiskapar.

Star på Kjøsnes

Bygdehovdingen Star skal etter ei gamal segn ha budd på Kjøsnes omlag på same tid som Audun Hugleikson rådde på Ålhus på 1200-talet. Star hadde hestebeite i Stardalen, og dalen skal difor vere oppattkalla etter han. På Kjøsnes finst ein stor gravhaug, der Star etter segna skal vere gravlagd. På Kjøsnes er det i alt funne ni gravhaugar og – røyser. Gravene skriv seg frå folkevandringstida og vikingtida. Etter segna skulle ein av haugane der vere rekna som heilagstad der det var forbode å slå graset.

På Kjøsnes skal bygdehovdingen Star ha budd. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

På Kjøsnes skal bygdehovdingen Star ha budd. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.12.2010