Gamle hus i Jølster

Myklebustloftet på Sunnfjord Museum. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Truleg er det ingen bygdelag i Sogn og Fjordane som har så mange velbevarte eldre hus som Jølster.
Hus frå Jølster på Sunnfjord Muséum
Av 39 hus samla av Sunnfjord Muséum i Movika i Førde, kjem 12 frå Jølster.
Bendikttunet
Bendikttunet på Ålhus tel seks hus.

Midttunet. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Midttunet
i Sanddalen tel 10 antikvariske gardsbygningar, der dei eldste er frå 1600-talet. Husa i Midttunet var i bruk heilt fram til 1967, og vart freda i 1974.
Bjørset
På Bjørset står ei gamal tingstove. Den vart flytta ut frå det gamle tunet etter ei utskifting. Sjølve tømmeret i stova kan vere frå mellomalderen.
Kjøsnes-stova
er ei røykomnstove som vart flytta frå Kjøsnestunet for å bli sett opp ved vatnet og brukt som hytte. Nikolai Astrup måla eit interiør frå denne stova, som truleg er frå tidleg 1600-tal. I 2011 vart også eit loft frå 1577 på Kjøsnes freda. Loftet stod opphaveleg i Åsane i Førde, men vart flytta til Kjøsnes i 1949 av distriktslege Trygve Bydal.

Det freda huset på Støylen. Foto: Ottar Starheim, NRK.
På garden Støylen
ved Svidal er eit svært originalt hus frå mellomalderen bygt oppe på ein høg kampestein i tunet. Romma har inngang frå svalen langs eine sida. På ein av veggane er det merke etter ei attbygd dør – truleg den staden der ein i gamle dagar bar ut liket, og stengde att for å sikre seg at den døde ikkje skulle gå att på garden.
Jølstramuseet
Jølstramuseet på Vassenden er eit privat museum med 13 eldre bygningar, samla frå ulike grender i Jølster av lærar Eivind Fossheim, Hønefoss (1892-1982).
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 11.10.2011