Hopp til innhold
X
Innhald

Gjest Baardsen i Jølster

Jakob Tollefson Bolset var utkommandert i krigen mot svenskane 1807-1814, men fekk permisjon for å dra heim for å gifte seg med med Brita Håheim.

Under brudlaupet fekk dei vitjing av meistertjuven Gjest Baardsen frå Sogndalsfjæren. Som den jentefut han var, fekk han systera til brura på kroken, og vart plassert høgt oppe ved bordet.

Men på veg frå brullupet vart han arrestert av Jølstra-lensmannen ved Sveiahammaren. «Hadde ikkje bryllupsølet vore så sterkt, skulle eg nok ha rent frå lensmannen», skal Gjest Baardsen ha sagt etterpå.

Denne artikkelen er ein lokalhistorisk artikkel frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Den er ikkje vurdert som leksikalsk innhald. Ver varsam med å nytte artikkelen som kjelde. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.09.2018