Hopp til innhold
X
Innhald

Gro Marie Svidal

Gro Marie Svidal. Foto: Sigrid Winther.

Gro Marie Svidal. Foto: Sigrid Winther.

Gro Marie Svidal fødd 1980 i Jølster, busett i Oslo. Folkemusikar. Utdanna i hardingfele- og felespel ved Ole Bull-akademiet på Voss og har eksamen frå folkemusikkstudiet ved Norges Musikkhøgskole.

Svidal har halde konsertar i inn- og utland, m.a. i Kina i 2006 i samband med 100-årsjubiléet for Henrik Ibsen.

Ho har fleire gonger gått til topps i Vestlandskappleiken. I 2014 gjekk ho til topps i klasse A i hardingfele på Landskappleiken på Geilo.

I 2006 spela ho hovudrolla i ”Den vesle prinsen”, som er bygd på ei historie av Antoine de Saint-Exupéry.

I 2013 vart ho tildelt Statens stipend for kunstnarar.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 16.06.2015