Hopp til innhold
X
Innhald

Gustav Indrebø

Gustav Indrebø

Gustav Indrebø

Gustav Indrebø (1889–1942), fødd i Samnanger. Språk-professor og stadnamnekspert.

Foreldra var Ludvig J. Indrebø frå Angedalen i Førde og Severine Malene Frøysland frå Haukedalen i Førde. Bror til Gustav var biskop i Bjørgvin, Ragnvald Indrebø. I 1892 vart faren lærar i Årdal i Jølster, og frå oppveksten og sidan fekk Gustav sterk tilknyting til Årdal, der han bygde hytte. Også broren Ragnvald Indrebø hadde hytte i Dvergsdal i Jølster.

Stort stadnamnarbeid

Gustav Indrebø tok filologisk embetseksamen med innstilling i 1917. Dr. philos. 1925, og professor i vestlandsk målføregransking og styrar for folkeminnesamlinga ved Bergens Museum 1930. Indrebø gjorde ein banebrytande innsats som stadnamngranskar: Han fekk skuleborn i heile landet til å sanke inn over ein million stadnamn, og saman med professorane Magnus Olsen og Edvard Bull skipa han i 1921 Norsk Stadnamnarkiv.

På Aasen-linja

Gustav Indrebø gav ut over 200 vitskapelege skrifter. Som aktiv målreisingsmann stod han på den såkalla ”Aasen-lina” –d.v.s. eit skriftspråk tufta på dei norske bygdedialektane. Under eit opphald på hytta i Årdal i 1942 vart Indrebø sjuk, og døydde kort tid etter.

I 1955 vart ein byste av vitskapsmannen, laga av Dyre Vaa, reist i Årdal, like ved E39.

Bysta av Gustav Indrebø på Ålhus. Foto: Arild Nybø, NRK.

Bysta av Gustav Indrebø på Ålhus. Foto: Arild Nybø, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 21.12.2010