Hallvard Viken

Hallvard Viken fødd 1944 på Skei. Siviløkonom og eigar av Audhild Vikens Vevstove. Son av grunnleggjaren Audhild Viken.
Viken var i mange år lærar ved Lindås Gymnas og Førde Handelsskule, og arbeidde i familiebedrifta om sommaren. Tok over frå 1985, og har bygd ut verksemda med fem avdelingar i Bergen, ein i Førde og ein i Geiranger – i tillegg til stor utviding av butikken på Skei m.a. med kafeteria.

I år 2002 hadde Audhild Vikens Vevstove 45 tilsette i sesongen, og ei åromsetning på 50 millionar kroner.
I 2005 vart Viken også medeigar i Skei Hotel, men i 2011 selde han nær halvparten av aksjane i hotellselskapet til Ivar Helgheim.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 25.10.2011