Hopp til innhold
X
Innhald

Handel og gjestgjevarstader på 1700-talet

Gjestgiveriet på Vassenden i 1882. Foto: K. Knudsen. © Knudsensamlingen, UBB.

Gjestgiveriet på Vassenden i 1882. Foto: K. Knudsen. © Knudsensamlingen, UBB.

Heilt frå tidleg 1700-tal vart det drive handel, gjestgiveri og skjenkestove både på Skei og Vassenden.

I Førde ved Breimsvatnet kom det òg eit lite gjestgiveri, som tok seg av reisande langs Den Trondhjemske postvei.

I 1767 fekk lensmannsenkja Elsa Bjørset løyve til å skjenke øl på Skei. Ølstova vart lagd ned kring 1890.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.12.2010