Hopp til innhold
X
Innhald

Haugen camping

Haugen camping. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Haugen camping. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Haugen camping på garden Haugen sør for Skei vart starta i 1960 av Torleif Haugen i samarbeid med NAF – Norges Automobilforbund. Han bygde først fem små campinghytter og eit servicebygg, og utvida seinare med seks hytter til.

Då Torleif døydde i 1986, dreiv enkja Anny f. Solheim campingplassen fram til år 2000, då Ola Fugle ved Skei Servicenter AS leigde plassen og seinare kjøpte anlegget.

Campinganlegget med dei små hyttene på haugen har stått så godt som uendra i nærmare 50 år, og det har vore på tale å få dei eldste campinghyttene verna som kulturminne.

I 2013 sette Fugle i gang med ei stor utviding av campingplassen i samband med at E39 skal leggast om. Det blir 40 oppstillingsplassar for bubilar og campingvogner, nytt sanitranlegg, badestrand og molo. Det stod ferdig til 2014-sesongen. Namnet på campingplassen vart endra til Jølster Panorama.

Slik er utsynet frå Haugen camping over Jølstravatnet mot Kjøsnes og Grovabreen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Slik er utsynet frå Haugen camping over Jølstravatnet mot Kjøsnes og Grovabreen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 16.06.2015