Hopp til innhold
X
Innhald

Heimeyrkesskulen i Jølster

På dette flyfotoet av Vassenden frå 1961 ser vi Heimeyrkesskulen nærast. Foto: Fjellanger Widerøe. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

På dette flyfotoet av Vassenden frå 1961 ser vi Heimeyrkesskulen nærast. Foto: Fjellanger Widerøe. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Heimeyrkesskulen i Jølster vart grunnlagt i 1945 av lærar Kristian Eikås. Skulen var kommunal fram til 1949, då fylkeskommunen tok over drifta.

Utgangspunktet for skulen Jølster var som i så mange andre bygder dei mange snikkar- og saumkursa som vart haldne for gutar og jenter i mellomkrigstida. I Jølster utvikla dette seg til planar om ein fast skule, utarbeidde av Kristian Eikås og Johan O. Nedrebø.

Mo og Jølster vidaregåande skule på Vassenden i 2006. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Mo og Jølster vidaregåande skule på Vassenden i 2006. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Eikaas var lærar, men tok no Statens sløyd og teiknelærarskule i tillegg. Han var styrar for skulen fram til 1969. Dei to første åra heldt skulen til i Sanddalen. I 1947 vart skulen flytta til ei tyskarbrakke på Vassenden. Saumkursa heldt den første tida til i bedehuset. Eige skulebygg stod ferdig i 1954, med stor utviding i 1977.

Heimeyrkesskulen i Jølster fekk tidleg ord på seg for ein skule av høg kvalitet, og vart søkt av ungdom frå heile landet.

Heimeyrkesskulen vart i 1992 slegen saman med Mo Jordbruksskule til Mo og Jølster vidaregåande skule.

I 2013 vedtok fylkestinget å legge ned Mo og Jølster vidaregåande skule avdeling Vassenden.

Sjå nærare omtale av: Kristian Eikås.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.06.2013