Hopp til innhold
X
Innhald

Helgheim kyrkje

Helgheim kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Helgheim kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Helgheim kyrkje vart bygd i 1877. Arkitekt var J.W. Nordan og byggmeister Ole Vanberg. Altartavla frå byggjeåret har eit enkelt, naivistisk motiv, omkransa av ei pompøs barokkramme. På begge sider av altaret heng to nyare måleri med religiøse motiv. I nyare tid har einskilde i kyrkjelyden ynskt å skifte ut altartavla med ei ny med eit anna biletmotiv, men har ikkje vunne fram. Ei av kyrkjeklokkene i Helgheim-kyrkja er frå før 1700. Dåpsfatet frå 1716 har tidlegare vore i Ålhus-kyrkja. Anna utstyr i kyrkja på Helgheim er frå byggjeåret eller seinare.

Altartavla frå 1667 som no heng på Bergen Muséum. Kunstnaren har måla snødekte jølstrafjell bak Jesus på krossen på Golgata. Foto: Svein Skare © Bergen Muséum.

Altartavla frå 1667 som no heng på Bergen Muséum. Kunstnaren har måla snødekte jølstrafjell bak Jesus på krossen på Golgata. Foto: Svein Skare © Bergen Muséum.

Mellomalderkyrkje på Helgheim

På Helgheim har det stått kyrkjer truleg sidan 1200-talet. Den første kyrkja er nemnd i eit visitasvarsel i 1322. Det er litt uklårt om det vart bygd ny kyrkje på Helgheim kring 1600, men i 1636 vert det opplysta at kyrkja som stod der då, hadde fått tilbygd eit nytt våpenhus. Kring 1655 vart det gamle tårnet rive og erstatta med eit nytt, og i 1659 vart det bygt nytt våpenhus. Ei gamal altartavle frå ei tidlegare kyrkje på Helgheim er datert 1667. Den er i barokkstil og vart måla i 1681 av Hans Caspar. Bak den krossfeste Kristus har han måla snødekte fjell. Fram til 1904 vart denne tavla lagra på gallerigangen, men vart då flytta til Bergen Muséum. Ein preikestol som er datert til 1666, står også på Bergen Muséum.

Strid om plasseringa

Midt på 1800-talet vart det hard bygdestrid i Jølster om kvar ein skulle byggje ny kyrkje. Ordførar Anton Øygard frå Stardalen arbeidde i si tid hardt for å få flytta Helgheims-kyrkja til Skei, men tapte med ei røyst då flyttesaka kom opp i kommunestyret.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 24.11.2009