Hopp til innhold
X
Innhald

Høiseth Turiststasjon

Høyset i Stardalen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Høyset i Stardalen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Høiseth Turiststasjon i Stardalen vart starta kring 1900 av Moses Høiseth. Ein stor del av gjestane var fotturistar som gjekk ruta gjennom Oldeskaret frå Stardalen til Briksdalen. Denne ruta går gjennom tunet på Høyset.

Sonen Petter Høyseth tok over garden kring 1950, og midt på 1960-talet starta han Høyseth Camping. Han starta med teltplass og fire hytter, og utvida seinare til åtte hytter. Petter døydde i 2004, og etter eitt års pause tok brorsonen Magne Høyseth opp att drifta av campingplassen i 2005.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 23.11.2009