Hopp til innhold
X
Innhald

Hotell Skjorta

Fjellet Skjorta som Hotell Skjorta var oppkalla etter, fotografert på slutten av 1800-talet. Foto: K. Knudsen. © Knudsensamlingen, UBB.

Fjellet Skjorta som Hotell Skjorta var oppkalla etter, fotografert på slutten av 1800-talet. Foto: K. Knudsen. © Knudsensamlingen, UBB.

Hotell Skjorta (oppkalla etter det kjende fjellet ved Breimsvatnet) vart bygd ca. 1870 av bonde Rasmus Førde i den vesle bygda Førde i sørenden av Breimsvatnet. Den gongen høyrde bygda til Breim kommune, men vart i 1965 lagt under Jølster kommune.

Rasmus Førde hadde skysstasjon og var skysskaffar i samband med at Den Trondhjemske Postvei gjekk over Breimsvatnet mellom Førde og Rebakken (sjå Gloppen kommune). Men hotelleventyret «Skjorta» tok ein brå slutt då nyevegen gjennom Våtedalen kom i 1889, og all trafikk nord-sør vart ført over dit.

Hotellbygningen vart riven i 1927. Noko av tømmeret vart brukt i andre hus på garden. (For andre overnattingverksemder, sjå: Overnattingsverksemder i Jølster.)

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 16.12.2010