Hopp til innhold
X
Innhald

Hotell Stanley

Hotel Stanley med Skei i bakgrunnen. Foto utlånt av Jon Skrede.

Hotel Stanley med Skei i bakgrunnen. Foto utlånt av Jon Skrede.

Hotel Stanley vart bygt i 1890 av Jakob Neumann Hammer.

Han eigde den gamle handelsstaden med gjestgiveri i Utvik, og bygde også Hotell Victoria på Rebakken i Breim. Victoria låg vegg i vegg med Hotel Gordon, og det utvikla seg ein hard kamp om gjestane på Rebakken. Begge hotella skaffa seg også kvar sin «marine» i hotellstriden: Kvar sin dampbåt som kappast om å kapre turistar på veg over Breimsvatnet før vegen gjennom Våtedalen var ferdig i 1889.

Same kappestriden la Hammer opp til i Jølster då han etablerte seg nokre hundre meter unna det konkurrerande hotellet på Skei: Då hotelleigar Skrede saman med andre sette dampbåten «Skjold» i rute på Jølstravatnet, var Hammer kjapt ute, og fekk sin konkurrerande d/s «Kvikk» på vatnet. (Sjå: Båtruter på Jølstravatnet.)

Men korkje på Skei eller i Breim hadde Hammer lukka med seg: Han gjekk konkurs.

Hotelleigar Tollef Gabrielsson Skrede fekk kjøpe det konkursråka hotellet, reiv det og bygde det opp som tilbygg til sitt eige på Skei (Skei Hotel). Dermed kunne han tilby det doble talet på senger – og var samstundes kvitt ein brysam konkurrent.

(Sjå også: Gjestgjevarstader i Jølster.)

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 25.10.2011