Hopp til innhold
X
Innhald

Huldresølvet i Kjelsnesa

Ei av dei mest kjende segnene i Jølster er segna om Huldresølvet.

Segna lyder slik:

Ei jente i Kjelsneset på sørsida av Jølstravatnet brukte å ta hunden med når ho gjekk til stølen for å mjølke. Ein kveld kom hunden heim åleine, gøydde og var i ulag. Han stirde gardsdrengen opp i auga og freista lokka han med seg opp bakkane. Oppe ved stølen, såg drengen sju blå hestar på setervollen. Guten kleiv opp på stølstaket og glytta ned ljoren. Nede i stova fekk han auge på kjærasten sin:

Der sat ho pynta som brur av huldrefolket, som dansa omkring henne. Men guten visste råd. Han løyste slirekniven og kasta den ned i fanget på jenta. Huldrefolket skvatt til alle kantar, og var borte på ein blunk. Men brura sat att i brurestasen, og slik bar det til at Huldresølvet kom til Kjelsnes, der det framleis er i familien si eige.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 02.01.2011