Hopp til innhold
X
Innhald

HV 10 på Skei

HV 10 på Skei, frå 2005 Livsmeistringssenteret. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

HV 10 på Skei, frå 2005 Livsmeistringssenteret. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Stamkvarteret for HV 10 på Skei vart skipa 1990 etter ein årelang lokaliseringskamp. Stamkvarteret for Heimevernet i Sogn og Fjordane og Hordaland låg fram til då på Bergenhus, saman med leiinga for Hæren på Vestlandet.

Alt kring 1960 vart det reist krav om flytting av HV-leiinga til Voss, men nokre år seinare gjorde Stortinget prinsippvedtak om at HV-10 -leiinga skulle flyttast til Sogn og Fjordane. Førde-regionen var mest aktuell på 1970-talet. Men også Eid kommune med sine stolte IR 10-tradisjonar (sjå Eksersisplassen på Nordfjordeid) melde seg på, ikkje minst fordi Eid nyleg hadde fått øvingsanlegget Firda Kaserne.

Nye kommunikasjonsliner i fylket (Skei-Sogndalslina) gjorde at Skei vart vald. Her vart det m.a. bygd eit stort administrasjonbygg, og stamkvarteret sysselset kring 30 personar. HV 10 omfattar Sogn og Fjordane fylke, Voss og Hardanger.

HV 10 nedlagt – Skei-anlegget vert helseinstitusjon

HV 10 nedlagt – Skei-anlegget vart helseinstitusjon

Stortinget vedtok i 2004 at HV 10 på Jølster skulle leggjast ned innan 1. januar 2006 og funksjonane flyttast til Åndalsnes og Bergen. I 2005 kjøpte Bergen Diakonissehjem alle eigedomane til Forsvaret på Skei for 9,3 millionar kroner for å nytte dei til eit senter for livsmeistring. Eigedomen omfattar forutan administrasjonsbygget seks bustader og ei tomt på 25 dekar. Institusjonen fekk namnet Livsmeistringssenteret og kom i drift i 2007. I 2014 vart institusjonen lagd ned, og bygningane vart ståande tomme til 2015. Då vart det vedteke at dei skal brukast til mottak for einslege, mindreårige asylsøkarar.

Livsmeistringssenteret har overteke det tidlegare HV10-anlegget på Skei. Foto utlånt av Livsmeistringssenteret.

Det tidlegare HV10-anlegget på Skei. Foto utlånt av Livsmeistringssenteret.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.06.2015