Hopp til innhold
X
Innhald

Idrettsanlegg og stemne i Jølster

Skei stadion

Dei største idrettsanlegga i Jølster er idrettsbanene på Skei og Vassenden, hoppbakken Bjørnabakken i Årdal (bygd 1959), Jølster Skisenter og hoppbakken i Bjørkelia ved Vassenden, og Sunnfjord Golfklubb ved Vassenden. Kringom i kommunen er det bygd ei mengd lysløyper.

Skei stadion

ved sentralskulen på Skei vart teken i bruk i 1963. Anlegget fekk ei ekstra treningsbane i 1988, og hovudbana fekk løpebane og grasdekke på fotballbana i 1989. Skjold stadion i Årdal vart teke i bruk i 1968. Bjørkelia stadion ved Vassenden stod ferdig i 1999.

Jølster Maraton

Idrettslaga i Jølster har m.a. vore tilskipar av Jølsterstafetten sidan 1950-talet og Jølster Maraton sidan 1983 med heil- og halvmaraton Jølstravatnet rundt.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.01.2011