Hopp til innhold
X
Innhald

Ingebjørg Erikstad

Ingebjørg Erikstad fødd 1953 i Jølster, busett i Førde. Senterparti-politikar og fylkeskulturdirektør.

Ingebjørg Erikstad fødd 1953 i Jølster, busett i Førde. Senterparti-politikar og fylkeskulturdirektør.

Utdanna adjunkt med mastergrad i offentleg administrasjon frå Handelshøjskolen i København 2003, og etterutdanning m.a. i statsvitskap, administrasjon, samfunnsplanlegging, strategi og leiing. Har m.a. arbeidd som 4H-konsulent i Sogn og Fjordane 1973–1975, lærar i Eid kommune 1979–1981 og distriktssekretær i FN-sambandet 1981–1984.

Arbeidde frå 1985, med unntak av to år som leiar av Førde Internasjonale Folkemusikkfestival, som konsulent og seksjonsleiar ved fylkeskulturkontoret før ho i 2004 vart fungerande direktør for kultur i Sogn og Fjordane, og frå 2005 tilsett fast i stillinga.

Sentralstyremedlem i Norges Bygdeungdomslag 1976–1978. Bystyremedlem i Førde 1991–1999, derav fire år i formannskapet. Leiar i Sogn og Fjordane Senterparti og medlem av landsstyret 1996-1998. Har hatt to år styreverv i Førde Internasjonale Folkemusikfestival, og i tillegg vikariert som dagleg leiar 1992–1993 og 1997–1998. Styremedlem i Norsk Film AS 1998–2001 og varamedlem til Norsk Kulturråd 1997–2004, derav to år som ho møtte fast.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 28.01.2021