Hopp til innhold
X
Innhald

Ingebjørg Erikstad

Ingebjørg Erikstad, kulturarbeidar og senterpartipolitikar. Sidan 2004 har ho vore fylkeskulturdirektør i Sogn og Fjordane.

Erikstad er fødd 1953 i Jølster og busett i Førde. Ho er utdanna adjunkt med mastergrad i offentleg administrasjon frå Handelshøjskolen i København i 2003. Ho har arbeidd som 4H-konsulent i Sogn og Fjordane 1973–75, som lærar i Eid kommune 1979–81, som distriktssekretær i FN-sambandet 1981–84 og i to år som leiar av Førde Internasjonale Folkemusikkfestival. Sidan 1985 har ho vore tilsett ved fylkeskulturkontoret i Førde, frå 2004 som øvste sjef. I 2016 blei ho assisterande fylkesdirektør for kultur og næring, etter at avdelingane for kultur og næring blei slegne i hop. 
 
Erikstad har vore politisk engasjert i Senterpartiet, som bystyremedlem i Førde 1991–99 og som leiar for Sogn og Fjordane Senterparti og medlem av landsstyret 1996–98. Ho har òg hatt fleire høgare verv i norsk kulturliv, mellom anna som styremedlem i Norsk Film AS 1998–2001 og som varamedlem i Norsk kulturråd 1997–2004. Som fylkeskulturdirektør har ho markert seg i ei rekkje enkeltsaker, men også i den generelle kulturdebatten. Mellom anna har ho etterlyst ein meir kritisk kulturjournalistikk i Sogn og Fjordane.


Først publisert: 30.06.2009
Sist oppdatert: 31.07.2018