Ivar A. Sunde AS

Ivar A. Sunde held til i dette forretningsbygget i Flugelona. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Ivar A. Sunde AS entreprenørfirma på Vassenden vart starta av Ivar A. Sunde i 1970. På 1990-talet skipa Ivar A. Sunde også Jølster Eigedomsselskap AS. Dette kjøpte ein forretningsgard ved Flugelona som kommunen hadde bygd, og kjøpte seinare det nedlagde fabrikkanlegget til LeFi Bakst (sjå Vassenden Dampbakeri) på same staden.
Sunde har også engasjement i eigedomsbransjen i Førde.
Øvrebø Hytter og Motell
Ivar A. Sunde overtok i 2004 også Øvrebø Hytter og Motell som Arne Øvrebø hadde starta i 1960. Øvrebø starta først med vanleg romutleige før han bygde dei første fem campinghyttene. På 1980-talet vart anlegget utvida med eit motell. Anlegget har i dag overnattingsplass til 60 personar i motellet og i til saman åtte hytter.

Øvrebø Hytter og Motell. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 17.12.2010