Hopp til innhold
X
Innhald

Ivar Helgheim

Ivar Helgheim. Foto: Stein Jarle Aase, NRK.

Ivar Helgheim. Foto: Stein Jarle Aase, NRK.

Ivar Helgheim, fødd 1938, frå Helgheim, busett i Ski i Akershus. Lege og forretningsmann.

Utdanna lege. Vart 1970 tilsett som laboratorielege på Dr. Fürst Medisinske Laboratorioum i Oslo, som han etter ei tid vart eineeigar av. Laboratoriet analyserer prøver som vert sende inn frå legar og sjukehus frå heile landet. Selskapet hadde i 2004 ei omsetning på 204 millionar kroner.

Ivar Helgheim hadde sjølv ein formue på 147 millionar kroner.

Helgheim har også gjort store investeringar i eigedom, og vart i 2005 mellom anna hovudaksjonær i Skei Hotel i fødekommunen. I 2011 kjøpte han seg ytterlegare opp, slik at han eig nær 70 prosent av aksjane i hotellet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 25.10.2011