Hopp til innhold
X
Innhald

Jan Roger Klakegg

Jan Roger Klakegg i arbeid som protesemakar. Foto: NRK.

Jan Roger Klakegg i arbeid som protesemakar. Foto: NRK.

Jan Roger Klakegg fødd 1984 i Jølster. Protesemakar og kjelkehockeyspelar. Klakegg var elektrikarlærling då han i desember 2003 var utsett for ei ulukke på riksveg 5 i Kjøsnesfjorden. Ei stor steinblokk frå fjellsida trefte bilen han køyrde, og begge beina hans måtte amputerast.

Etter lange sjukehusopphald sette han i gang med å utdanne seg til protesemakar, og han tok til med kjelkehockey. Han kom med på det norske landslaget som tok bronsemedalje i EM i 2011.

Han var og med på laget som vart nummer fire i Paralympics i Sotsji i 2014.

Klakegg på det norske kjelkehockeylandslaget i EM. Foto: Kent Nyholt.

Klakegg på det norske kjelkehockeylandslaget i EM. Foto: Kent Nyholt.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 21.03.2014