J.N. Aardal landhandel
J.N. Aardal landhandel i Årdal vart starta i 1913 av Johan N. Aardal. Butikken låg ved den gamle bygdevegen litt vestafor sparebankbygget. Aardal dreiv ein svært assortert landhandel, vert det sagt, og selde det meste frå smøreolje til øl. Han var i tillegg lokal ekspeditør for Firda Billag sine vareruter og var også kjend for handel med skinn som han selde vidare til Rieber i Bergen. Aardal dreiv butikken sin til ut på 1970-talet.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 24.11.2009