Johan Jacob Fasting
Johan Jacob Fasting (1848-1926), fødd i Jølster. Jernbaneingeniør, utdanna 1866-1869.
Arbeidde ei tid i vegstellet i Sogn og Fjordane før han vart engasjert i bygginga av Krøderbanen. Arbeidde i åra etter m.a. med Jærbanen, Vossabanen og Hamar-Sel-banen, og vart kjend som ein svært dyktig jernbanebyggjar. Seinare vart han m.a. konstituert banedirektør i NSB og overstyrar for Hovedbanen. Han sat i Hamar formannskap, var engasjert i frikyrkjeleg arbeid og gav m.a. tomt til frikyrkja på Hamar.
Bror til Ole Wilhelm Fasting.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 10.03.2008