John P. Munson

John P. Munson, fødd Johannes Monsson Dvergsdal (1860–1928) frå Dvergsdal. Utvandra fire år gamal saman med foreldre og sysken til Amerika. Vart lærar ved lærarhøgskule og seinare professor i zoologi. Tok ph. D-graden ved Yale University 1893 og doktorgraden i zoologi ved University of Chicago 1897.
Direktør og rektor ved biologiavdelinga ved Minnesota-universitetet til han døydde.
Boka «Education Through Nature» frå 1903 gjorde Munson internasjonalt kjend. Han var ein mykje brukt førelesar både i USA og andre land, og hadde mange utmerkingar for arbeidet sitt.
På universitetet i Minnesota er eit rom framleis kalla «Munson»-rommet.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 06.04.2009