Hopp til innhold
X
Innhald

Jølster Bakeri

Jølster Bakeri vart starta i 1979 av Arne Lesto og Oddne Fimland. Firmaet har sidan 1984 heitt LeFi Bakst A/S.

Har eige produksjonsanlegg på ca. 1200 kvm. på Fluge. Hadde i år 2000 17 millionar kroner i omsetning og sysselset 20 årsverk. Leverer bakarvarer over heile Sogn og Fjordane.

I 2002 overtok Tunolds Bakeri AS LeFi Bakst, og la like etter ned avdelinga som dette bakeriet dreiv i Sogndal. I 2002 gjekk Tunold også inn i «Bakehuset Norge» som tel 10 bakeri kringom i i Noreg. I 2002 hadde Tunold 60 tilsette ved bakeria sine og ei omsetning på 85 millionar kroner. I desember 2004 vart bakeriet på Fluge lagt ned og produksjonen flytta til Nordfjordeid.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.06.2008